Fottur til Håøytoppen

Visit Bergen
Turen opp til Håøytoppen er populær, særleg fordi utsikta er så fin.

Håøyna er ein halvøy som ligg midt i ei av hovudleiene inn til Bergen. Denne «sikre» sjøvegen mellom Bergen og Sognefjorden er beskytta av øygardane i vest, og vert på folkemunne kalla den indre farleia. Heilt sidan vikingtida har folk nytta denne leia, og Håøya har vore eit strategisk viktig punkt.

Turløypa er tilrettelagd med kloppar og trappar, slik at ein enkelt kan ta seg frem i terrenget, sjølv på våte dagar. Når ein kjem til sjølve Håøyna utvidar stien seg til ein fin grusvei heilt opp til toppen. Parkeringa langs E39 på Flatøy er stor, og her finn du òg skilt med kart over området.

Veten på Håøyna kan ha vore bygd under skipinga av leidangen i Håkon den Godes tid, kring 950 (Kjelde: Grind.no). Forsvarsanlegget ein fin restar av i dag var ein del av nøytralitetsvakta under den første verdskrigen. Ruinane er spanande for ungar å leike i, så lenge ein vaksen er i nærleiken. Frå varden er det storfelt utsyn nordover leia, som viser til fulle den strategiske verdien som forsvarsanlegga her har hatt gjennom 1000 år.

Show more
Trip Itinerary